Øvingskøyring

TRAFIKKSKULEN DIN

Bilen skal være merka bak med rød L på hvit bakgrunn og ekstraspeil til ledsagar

Øvingskøyring

Før du kan ta køyretimar eller øvelseskøyre, må du ta trafikalt grunnkurs. Når du har fullført trafikalt grunnkurs, får du eit bevis som gir deg rett til å øvelseskøyre.

Å øvelseskøyre mykje er viktig for at du skal bli ein sikker trafikant som unngår ulykker. Hugs at når du øvelseskøyrer gjeld krav til helse både for eleven og ledsagaren. Du må ikkje øvelseskøyre hvis du er beruset, trøtt, sjuk eller på anna måte svekka slik at det ikkje er trygt å køyre.

Det kan vere lurt å starte opplæringa med timar hos ein trafikkskole. Du lærer raskare, og det blir tidleg trygt å øvingskøyre privat. Du som øvingskøyrer, trafikklæraren og den du øvingskøyrer med privat, bør samarbeide tett gjennom heile opplæringa. Slik kan den grunnleggande opplæringa skje mest mogleg effektivt og sikkert, og gi eit godt utgangspunkt for vidare opplæring.

 

For at du skal få øvd nok, vil mesteparten av øvingskøyringa måtte skje privat. 

Kva må du ha med deg når du øvingskøyrer?

  • Bevis for fullført trafikalt grunnkurs, eller førarkort i annan klasse dersom du har det
  • Legitimasjon med bilde

Når du har fullført trafikalt grunnkurs kan du finne ditt bevis for øvingskøyring på Di side på vegvesen.no

Bilen skal være merka bak med rød L på hvit bakgrunn og ekstraspeil til ledsagar.

Den som øvingskøyrer med deg må

  • vere fylt 25 år
  • ha hatt førarkort før køyretøy i same klasse som du øvingskøyrer i samanhengande dei siste 5 åra

Kjelde vegvesen.no

Ta kontakt

Adresse

Messenger