Skulereglement for Trafikkskulen Din

TRAFIKKSKULEN DIN

Skulereglement for Trafikkskulen Din

Det er elevens eige ansvar å setje seg inn i skulens reglement.
Nedanfor har me samla punktene i vårt regelverk.

 

Under 18 år?
Dersom du er under 18 år, må din(e) føresett(e) skrive under på eit skjema som bekrefta at dei tek økonomisk ansvar fram til du er myndig. Skjemaet skriv ein enkelt under på med signering på telefonen.
Ta kontakt med oss dersom du ikkje har fått skjemaet, så kan me sende det til deg.

 

Din personlege side
Du har din eigen personlege side på nettet. Her kan du sjå uteståande saldo, saldo til gode, betalingsinformasjon, gjennomførte timar, avtalte timar, føre logg av øvingskøyringa di og sende meldingar til læraren/kontoret.
Din personlege side loggar du inn på slik:
1. Gå til tabs.no eller last ned Tabs appen.
2. Logg inn med ditt mobilnummer og passord
Er det første gong du loggar, trykk på «Glemt passord?» og følg instruksane
Treng du hjelp til å logge inn er det berre å ta kontakt med din trafikklærar eller kontoret.

 

Taushetsplikt
Alle tilsette ved Trafikkskulen Din AS har yrkesetisk taushetsplikt.

 

SMS varsling
Me tilbyr SMS varsling. Dette er automatisk sendt ut frå Tabs.
Det vil bli lagt til eit eingongsgebyr for nye elevar på kr. 50,- for SMS varslinga.
Dersom du ikkje mottar SMS varsling i forkant av ein køyretime/kurs er dette ikkje gyldig fråvær.
For å vera på den sikre sida anbefaler me at du bruker din personlege side på tabs.no eller Tabs appen.
Dersom du ikkje mottar SMS varsling, gje beskjed til kontoret.

 

Betaling
Køyretimane/kursa skal betalast for kvar køyretime/kurs.
All kreditt inkludert leige av køyretøy til førarprøven må vera betalt innan 3 verkedagar før førarprøven.
Er ikkje alt betalt kan du risikere at førarprøven din vert avlyst.
Du kan betala med kort, kontant, vipps eller via nettbank.
Ved utsendelse av faktura vil det bli ilagt eit fakturagebyr på kr.60,-

 

Avbestilling
Avtalt time som ikkje vert benytta må betalast.
Frist for avbestilling er før kl. 12:00, 2 verkedagar i forvegen.
Obligatoriske kurs som for eksempel:
-Sikkerhetskurs på øvingsbane
- Køyring i landevegsmiljø
- Planlegging og køyring i variert miljø
må avbestillast før kl.12:00, 3 verkedagar i forvegen.
Ved sjukdom skal legeerklæring framleggas innan 5 verkedagar frå første sjukedag, då vil du ikkje bli belasta for timen.
Avbestilling og endring av timar skal skje direkte til trafikklærar.
Skulle ikkje trafikklærar ta telefonen, send ein SMS.
Du kan finne nummeret til din trafikklærar på Trafikkskulen-din.no

 

Kredittgrense
Me har ei kredittgrense på alle elevar satt til kr. 12.000,-
Dersom ein elev når kredittgrensa vil det ikkje vera mogleg å sette opp fleire avtalar om køyring eller kurs før det er betalt inn det uteståande.

 

Klage
Dersom klage(r) skal desse først og fremst rettast til dagleg ledar.

Flere nyheter

Oppfriskning/rustløyserkurs MC

Les mer

Åpningstider på våre kontor:

Les mer

Førerkortklasser

Les mer

Stolt sponsor og samarbeidspartner

Les mer

Ofte stilte spørsmål

Les mer

Informasjon om mopedopplæring

Les mer

Mikrofonbøyle til Sena kommunikasjon

Les mer

Mopedbil AM 147

Les mer

Mørkedemo

Les mer

Gåvekort

Les mer

Øvingskøyring

Les mer

Om betaling

Les mer

Vis alle