TRAFIKKSKULEN DIN
Før du kan ta køyretimar eller øvelseskøyre, må du ta trafikalt grunnkurs. Når du har fullført trafikalt grunnkurs, får du eit bevis som gir deg rett til å øvelseskøyre.
Å øvelseskøyre mykje er viktig for at du skal bli ein sikker trafikant som unngår ulykker. Hugs at når du øvelseskøyrer gjeld krav til helse både for eleven og ledsagaren. Du må ikkje øvelseskøyre hvis du er beruset, trøtt, sjuk eller på anna måte svekka slik at det ikkje er trygt å køyre.
Det kan vere lurt å starte opplæringa med timar hos ein trafikkskule. Du lærer raskare, og det blir tidleg trygt å øvingskøyre privat. Du som øvingskøyrer, trafikklæraren og den du øvingskøyrer med privat, bør samarbeide tett gjennom heile opplæringa. Slik kan den grunnleggande opplæringa skje mest mogleg effektivt og sikkert, og gi eit godt utgangspunkt for vidare opplæring.
For at du skal få øvd nok, vil mesteparten av øvingskøyringa måtte skje privat.
Når du har fullført trafikalt grunnkurs kan du finne ditt bevis for øvingskøyring på "Di side" på vegvesen.no
Bilen skal væra merka bak med rød L på kvit bakgrunn og ekstraspeil til ledsagar.