TRAFIKKSKULEN DIN
Mål for opplæringa:
Etter å ha gjennomført trafikkopplæring i klasse AM146 skal eleven ha den kompetansen som er nødvendig for å køyda moped, AM146, på ein ansvarleg måte.
Eleven skal ha dei kunnskaper og ferdigheiter, den sjølvinnsikt og risikoforståing, som er nødvendig for å køyra på ein måte som:
Prisar og varighet i min:
2.1 Grunnkurs moped 700,- 135min
2.2 Grunnleggande praktisk opplæring (3 elevar) 180min
2.3 Trinnvurdering trinn 2 (1 elev) 45min
3.1 Individuell trafikal opplæring (3 elevar) 135min
3.2 Sikkerhetskurs i trafikk (3 elevar) 135min
3.3 Trinnvurdering trinn 3 (1 elev) 45min
4.1 Sikkerhetskurs på veg (3elevar) 180min
Eventuelt fleire timar 700,- 45min
Mopedførarkort pakke (utan grunnkurs moped) 6900,-
Lærebok 398,-
SMS varsel 50,-
(eingongsavgift for nye elevar)
Gebyr trafikkstasjon:
Betalt på trafikkstasjon / betalt på nett
Teori 360,-
Bilde 70,-
Førarkortet 210,- / 90,-
Endring/avlysning av kurs må skje seinast ei veke før kursstart.
Teoriprøven kan ein ta på trafikkstasjonen når ein har fylt 16 år.
NB!! Husk å søke om førarkort i GOD tid før teoriprøven. Er ikkje søknaden godkjent, får ein heller ikkje tatt teoriprøven hos Statens vegvesen.
Opplæringa startar med grunnkurs moped. Dette er 3 timar i klasserom.
Me deler elevane i grupper alt etter kva erfaring dei har fra før.
Det er greit å ha grupper der elevane er på nokonlunde same nivå.
Me kan ha 3 elevar i kvar gruppe.
Det neste er grunnleggjande opplæring.
Mesteparten av denne øvinga er i køyregård, samt litt i roleg trafikk.
Me går òg igjennom ein sikkerhetskontroll av mopeden.
Her kan det eventuelt komme fleire timar.
Så kjem trinnvurdering trinn 2 som er individuell. 1 elev og 1 lærar.
Eleven skal ta stilling til om han har nådd måla, og om h*n kan gå vidare til neste trinn.
Lærar skal gi tilrådning i spørsmålet om eleven har den kompetansen som er nødvendig for å kunne gå vidare.
Etter dette kjem den trafikale delen. Her øver me i variert veg- og trafikkmiljø.
Mot slutten skal eleven kunna køyra sjølvstendig.
Dette trinnet blir òg avslutta med ein trinnvurdering for trinn 3.
Etter trinnvurderinga kan det komma fleire individuelle timar.
Til slutt kjem sikkerhetskurs på veg. Her er hovudpunkta hovudsakleg elevens risikoforståing og sjølvinnsikt.
Etter dette kan det eventuelt komma fleire individuelle timar om det skulle væra nødvendig.
Det er viktig at eleven leser teori, og er godt igong med dette før den praktiske opplæringa startar.
Plan for praktisk opplæring
Trinn 1
TRAFIKALT GRUNNKURS
Trinn 2
GRUNNLEGGJANDE KØYRETØY OG KØYREKOMPETANSE
2.1 Grunnkurs klasse AM146
2.2 Individuell grunnleggjande praktisk opplæring
2.3 Trinnvurdering jf. §7-5
Trinn 3
TRAFIKAL DEL
3.1 Individuell trafikal opplæring
3.2 Sikkerhetskurs i trafikk
3.3 Trinnvurdering jf. 7-5
Trinn 4
AVSLUTTANDE OPPLÆRING
4.1 Obligatorisk sikkerhetskurs på veg for klasse AM146
4.2 Tilstrekkeleg øving
Nokre delar av opplæringa er obligatorisk.
Me har lagt opp til ei opplæring som dekker det obligatoriske, samt 7 timar i tillegg.
Dette er det me meiner dei fleste vil trenga for å nå måla i læreplanen.
Pakkepris 6900,- + Grunnkurs Moped 700,-
Det kan eventuelt komma fleire timar i tillegg
Påkledning
Påkledningen har som oppgåve å beskytte kroppen.
Ha difor på dykk gode vinterklede.
Motorsykkelstøvlar er det beste du kan ha på deg når du køyrer moped.
Bruk i allefall litt kraftigare, gode sko som går litt opp på anklane.
Desse gir foten god støtte og beskyttelse når ein køyrer moped.
Privat øvingskøyring på moped:
Elev:
-Fullført trafikalt grunnkurs
-Over 15 år
-Ha med kursbevis og gyldig legitimasjon
Se her for informasjon om gyldig informasjon: https://www.vegvesen.no/forerkort/ta-forerkort/gyldig-legitimasjon/
Ledsagar:
-MC førarkort samanhengande siste 5 år
-Må være over 25 år
-Må køyre MC
Begge:
-Må bruka refleksvest med rød L på ryggen
-Må bruka kommunikasjonsutstyr
Ynskjer du meir informasjon?
Ta kontakt med skulen eller direkte med ein av lærarane.