Ofte stilte spørsmål

TRAFIKKSKULEN DIN

Ofte stilte spørsmål



Under finn de nokre av dei spørsmåla me får mest når me blir kontakta, og svar til desse spørsmåla

Kor mange køyretimar må eg ha?
Den obligatoriske opplæringa består av: trafikalt grunnkurs, 2 trinnvurderingstimar, sikkerhetskurs på øvingsbane og sikkerhetskurs på veg.
Det er ikkje satt eit minstekrav til kor mange timar ein må ha i dei ulike trinn. Det er derimot satt opp ein del mål innanfor dei ulike trinna.
Er ikkje måla tilstrekkeleg oppnådd, må det trenast meir. Derfor er det veldig vanskeleg å gi eit eksakt timetal.

Kor tidleg bør me kontakte ein trafikkskule?
Trafikkskulebransjen og Statens Vegvesen anbefalar å starte så tidleg som mogleg, helst ved ein alder av 16 år.
Gjennomføre nokon køyretimar hos trafikkskulen, og trene vidare på dette heime. Få undervisning på skulen, øve heime (lekser).
Så gjere dette fram til Trinn 4, og då er det ønskeleg at eleven er mellom 17 og 17,5 år.
Det gir eleven moglegheit til å mengdetrene på eit høgt nivå, slik at ein har tileigna seg ein del erfaring før førarprøven.

Korleis betalar me?
Ved første time blir du informert om prisar.
Man betalar time for time, med mindre noko anna er avtalt direkte med kontoret eller køyrelærar.
Du kan betala med Vipps, via Tabs, nettbank, ved kortbetaling, kontakt eller få tilsendt ein faktura/e-faktura.
Ved utsending av faktura/e-faktura vil det komme eit fakturagebyr på 60kr.
Me sender ut saldomelding med vipps-lenke, kontonummer og KID på SMS i etterkant av køyretime/kurs, dersom det ikkje er innbetalt allereie.
Du kan velgje å betala inn større summar i forkant av opplæringa også.
Då vil kostnaden for køyretimar/kurs bli automatisk trekt frå saldoen som du har ståande på din elevkonto.
Ditt forbruk har du full kontroll på i elev-appen TABSelev.

Må eg køyre i skule- /arbeidstida?
Trafikkskulens tilsette har vanlege arbeidstider.
Det vil seie at du kan sette opp timar mellom klokka 7 og 16, måndag til fredag.
Me strekker oss langt for at du skal få så lite fråvær som mogleg.
Er du flink å planlegge saman med din lærar kan du sette opp timar i fritimar, før skulen og etter skulen.
Trafikkskulen Din har også nettbasert bestilling av timar slik at du lett kan sette opp tomar når du veit du har fri.
Sikkerhetskurs på øvingsbane og sikkerhetskurs på veg er større kurs som går over fleire timar og fleire dagar som gjer det vanskeleg å unngå noko fråvær.
Her er det også viktig å planlegga langt fram i tid saman med lærar.
Du vil også ha eit mykje større utbytte av å ta køyretimar på dagtid, då trafikkmengda er reell.

Har dykk intensivkurs?
Me har ikkje intensivkurs. Me kan derimot køyre intensivt og ofte, men trafikkopplæringa hos oss kan ikkje gjennomførast på to veker.

Kva må eg ha med til køyretimen i klasse B / B automat?
Når du skal øvingskøyre må du ha med deg legitimasjon og bevis for at du har tatt trafikalt grunnkurs.
Bevis for trafikalt grunnkrus finnes digitalt på vegvesen.no
Du må også ha med deg ID-brikke eller anna moglegheit til å logge inn på "Din side" i tilfelle kontroll.
Dersom du har førarkort frå før, tar du med deg dette.
Er du over 25 år er det tilstrekkeleg å ha med legitimasjon.

Kva må eg ha med til køyretimen i klasse A1/A2/A?
Når du skal øvingskøyre må du ha med deg legitimasjon og bevis for at du har tatt trafikalt grunnkurs.
Bevis for trafikalt grunnkrus finnes digitalt på vegvesen.no
Du må også ha med deg ID-brikke eller anna moglegheit til å logge inn på "Din side" i tilfelle kontroll.
Dersom du har førarkort frå før, tar du med deg dette.
Er du over 25 år er det tilstrekkeleg å ha med legitimasjon.
I tillegg til dette må du ha eige køyreutstyr: hjelm, hanskar, køyreklede og køyresko.
Dersom du har kommunikasjonsutstyr frå før kan du ta det også med deg.
Me brukar Sena kommunikasjonsutstyr til køyreopplæringa.
Dersom du ikkje har kommunikasjonsutstyr frå før, kan du få kjøpe Sena mikrofonbøyle hos oss og låne intercom.

Kva må eg ha med til køyretimen i klasse AM146?
Når du skal øvingskøyre må du ha med deg legitimasjon og bevis for at du har tatt trafikalt grunnkurs.
Bevis for trafikalt grunnkrus finnes digitalt på vegvesen.no
Du må også ha med deg ID-brikke eller anna moglegheit til å logge inn på "Din side" i tilfelle kontroll.
I tillegg til dette må ha du med eige køyreutstyr: hjelm, hanskar, køyreklede og køyresko.
Kommunikasjonsutstyr får du låne av oss.

Manuell eller automat gir?
Trenden me ser er at fleire og fleire tar førarkort på automat.
På bilmarkedet finnes det fleire og fleire bilar med automatgir, som gjer at fleire og fleire husstandar har automatgir heime.
Dei som har bestått førarprøve med automat gir, og som seinare ser at dei treng manuell gir, behøver berre å ta ein ny førarprøve og ikkje heile opplæringa på nytt.


Fant du ikkje svar på det du lurar på?
Då må du gjerne ta kontakt med oss på telefon: 534 11 222
eller sende oss ein e-post til: post@trafikkskulen-din.no , så hjelper me deg!
Du kan og nå oss via Tabs, kontaktskjema her på heimesida vår,
eller på vår Facebook-side: Trafikkskulen Din

Flere nyheter

Oppfriskning/rustløyserkurs MC

Les mer

Åpningstider på våre kontor:

Les mer

Førerkortklasser

Les mer

Skulereglement for Trafikkskulen Din

Les mer

Stolt sponsor og samarbeidspartner

Les mer

Informasjon om mopedopplæring

Les mer

Mikrofonbøyle til Sena kommunikasjon

Les mer

Mopedbil AM 147

Les mer

Mørkedemo

Les mer

Gåvekort

Les mer

Øvingskøyring

Les mer

Om betaling

Les mer

Vis alle